12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor trona, og bøker vart opna. Og ei anna bok vart opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.
13 Havet gav frå seg dei døde som var der, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der, og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.
14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen. Og eldsjøen, det er den andre døden.
15 Og dersom nokon ikkje stod oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.