5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen åra var gått. Dette er den første oppstoda.
6 Sæl og heilag er den som får ta del i den første oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og herska som kongar med han i tusen år.
7 Og når dei tusen åra er til ende, skal Satan sleppast laus frå fengselet sitt.
8 Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire verdshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og dei er talrike som havsens sand.
9 Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei.
10 Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.
11 Og eg såg ei stor, kvit trone og han som sat på trona. Jorda og himmelen flykta bort frå hans andlet, og dei fanst ikkje meir.