1 Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir.
2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom.
3 Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:«Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk,og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.
4 Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,og døden skal ikkje vera meir,og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.For det som ein gong var, er borte.»