17 Så målte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål.
18 Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas.
19 Grunnsteinane i bymuren var prydde med edelsteinar av alle slag. Den første grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd,
20 den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst.
21 Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata gjennom byen var av reint gull, klår som glas.
22 Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, og Lammet er tempel der.
23 Og byen treng ikkje lys frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er lyset hans.