2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom.
3 Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:«Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk,og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.
4 Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,og døden skal ikkje vera meir,og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.For det som ein gong var, er borte.»
5 Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»
6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.
7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
8 Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»