4 Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,og døden skal ikkje vera meir,og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.For det som ein gong var, er borte.»
5 Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»
6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.
7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
8 Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»
9 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura som Lammet har teke til ekte.»
10 I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.