8 Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»
9 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura som Lammet har teke til ekte.»
10 I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.
11 Byen hadde Guds herlegdom og stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis.
12 Byen hadde ein stor og høg mur med tolv portar, og ved dei stod det tolv englar. På portane var det skrive namn, det var namna på dei tolv stammane til Israelsfolket.
13 Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest.
14 Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, det var namna på dei tolv apostlane til Lammet.