9 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura som Lammet har teke til ekte.»
10 I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.
11 Byen hadde Guds herlegdom og stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis.
12 Byen hadde ein stor og høg mur med tolv portar, og ved dei stod det tolv englar. På portane var det skrive namn, det var namna på dei tolv stammane til Israelsfolket.
13 Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest.
14 Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, det var namna på dei tolv apostlane til Lammet.
15 Han som tala med meg, hadde ei målestong av gull. Med den skulle han måla både byen og portane og muren.