1 Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå trona åt Gud og Lammet.
2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka.
3 Det skal ikkje lenger finnast noka forbanning. Trona åt Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han.
4 Dei skal sjå Guds andlet, og namnet hans skal vera på panna deira.
5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje lys av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal herska som kongar i all æve.
6 Og engelen sa til meg: «Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda.
7 Og sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.»