14 Sæle er dei som vaskar kappene sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.
15 Men utanfor er hundane og dei som fer med trolldom, og dei som driv hor, mordarane, avgudsdyrkarane og alle som elskar løgn og talar løgn.
16 Eg, Jesus, har sendt min engel for å vitna om dette for dykk i forsamlingane. Eg er Davids rotskot og ætt, den klåre morgonstjerna.»
17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.
18 Eg vitnar for kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka.
19 Og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.
20 Han som vitnar om dette, seier: «Ja, eg kjem snart.»Amen. Kom, Herre Jesus!