16 Eg, Jesus, har sendt min engel for å vitna om dette for dykk i forsamlingane. Eg er Davids rotskot og ætt, den klåre morgonstjerna.»
17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.
18 Eg vitnar for kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka.
19 Og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.
20 Han som vitnar om dette, seier: «Ja, eg kjem snart.»Amen. Kom, Herre Jesus!
21 Herren Jesu nåde vere med alle!