6 Framfor trona var det som eit glashav, likt krystall.Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak.
7 Den første skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei flygande ørn.
8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei fullt av auge, også under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den allmektige,han som var og som er og som kjem.
9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på trona, han som lever i all æve,
10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på trona, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar sigerskransane sine ned framfor trona og ropar:
11 Verdig er du, vår Herre og Gud,til å få pris og ære og makt.For du har skapt alt;ved din vilje vart alt til, skapt av deg.