11 Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste – det var ein uendeleg flokk, i titusental.
12 Dei ropa med høg røyst:Verdig er Lammet som vart slakta,verdig til å få all maktog rikdom, visdom og styrke,ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia:Han som sit på trona,han og Lammet vere takk og ære,pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: «Amen.» Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.