6 Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
7 Lammet kom og tok imot bokrullen frå høgre handa til han som sat på trona.
8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene til dei heilage.
9 Og dei song ein ny song:Verdig er du til å ta imot bokaog bryta segla på henne.For du vart slakta,og med ditt blod har du frikjøpt for Gudmenneske av alle stammar og tungemål,av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,til prestar for vår Gud,og dei skal herska som kongar på jorda.
11 Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste – det var ein uendeleg flokk, i titusental.
12 Dei ropa med høg røyst:Verdig er Lammet som vart slakta,verdig til å få all maktog rikdom, visdom og styrke,ære og pris og takk.