1 Og eg såg Lammet bryta det første av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med ei røyst som toreslag: «Kom!»
2 Og eg såg, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.
3 Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen ropa: «Kom!»
4 Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre ned. Og det vart gjeve han eit stort sverd.
5 Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen ropa: «Kom!» Og eg såg, og sjå! – ein svart hest. Og han som sat på hesten, hadde ei skålvekt i handa.
6 Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»