13 Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?»
14 «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:«Dette er dei som kjem ut av den store trengslaog har vaska kappene sineog gjort dei kvite i blodet frå Lammet.
15 Difor står dei for Guds troneog tener han dag og natt i hans tempel.Og han som sit på trona,skal reisa sin bustad over dei.
16 Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.
17 For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira.»