2 Og eg såg ein annan engel. Han steig fram i aust, der sola ris, og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å føra skade over jorda og havet:
3 «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har merkt vår Guds tenarar med segl på panna.»
4 Og eg høyrde talet på dei som fekk seglet: Det var 144 000, frå alle stammane i Israelsfolket.
5 Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,av Ruben-stammen 12 000,av Gad-stammen 12 000,
6 av Asjer-stammen 12 000,av Naftali-stammen 12 000,av Manasse-stammen 12 000,
7 av Simeon-stammen 12 000,av Levi-stammen 12 000,av Jissakar-stammen 12 000,
8 av Sebulon-stammen 12 000,av Josef-stammen 12 000og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.