4 Og eg høyrde talet på dei som fekk seglet: Det var 144 000, frå alle stammane i Israelsfolket.
5 Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,av Ruben-stammen 12 000,av Gad-stammen 12 000,
6 av Asjer-stammen 12 000,av Naftali-stammen 12 000,av Manasse-stammen 12 000,
7 av Simeon-stammen 12 000,av Levi-stammen 12 000,av Jissakar-stammen 12 000,
8 av Sebulon-stammen 12 000,av Josef-stammen 12 000og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.
9 Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene.
10 Og dei ropa med høg røyst:Sigeren kjem frå vår Gud,han som sit på trona, og frå Lammet.