5 Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,av Ruben-stammen 12 000,av Gad-stammen 12 000,
6 av Asjer-stammen 12 000,av Naftali-stammen 12 000,av Manasse-stammen 12 000,
7 av Simeon-stammen 12 000,av Levi-stammen 12 000,av Jissakar-stammen 12 000,
8 av Sebulon-stammen 12 000,av Josef-stammen 12 000og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.
9 Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene.
10 Og dei ropa med høg røyst:Sigeren kjem frå vår Gud,han som sit på trona, og frå Lammet.
11 Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud