4 Og frå engelens hand steig det opp for Guds andlet ei sky av røykjelse saman med bønene frå dei heilage.
5 Så tok engelen røykjelsesfatet, fylte det med eld frå altaret og kasta elden på jorda. Og det kom torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.
6 Dei sju englane med dei sju basunane gjorde seg no klare til å blåsa.
7 Den første engelen bles i basunen. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjedelen av jorda gjekk opp i logar, og tredjedelen av trea brann opp saman med alt det grøne graset.
8 Den andre engelen bles i basunen. Då var det som eit stort, brennande fjell vart kasta i havet. Tredjedelen av havet vart til blod,
9 og tredjedelen av alle skapningane i havet døydde, og tredjedelen av skipa gjekk under.
10 Den tredje engelen bles i basunen. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel, og ho fall på tredjedelen av elvane og på vasskjeldene.