8 Den andre engelen bles i basunen. Då var det som eit stort, brennande fjell vart kasta i havet. Tredjedelen av havet vart til blod,
9 og tredjedelen av alle skapningane i havet døydde, og tredjedelen av skipa gjekk under.
10 Den tredje engelen bles i basunen. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel, og ho fall på tredjedelen av elvane og på vasskjeldene.
11 Namnet på stjerna er Malurt. Tredjedelen av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.
12 Den fjerde engelen bles i basunen. Då vart tredjedelen av sola og tredjedelen av månen og tredjedelen av stjernene ramma, så tredjedelen av dei vart mørk, dagen mista tredjedelen av lyset sitt, og natta like eins.
13 Og eg såg ei ørn flygande høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve! Ve! Ve over dei som bur på jorda når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda!»