13 Den sjette engelen bles i basunen. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds andlet.
14 Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!»
15 Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året, for å drepa tredjedelen av menneska.
16 Talet på ryttarar i troppane deira var tjue tusen gonger ti tusen – eg høyrde talet.
17 Og slik var dei hestane eg såg i synet, og dei ryttarane som sat på dei: Mennene hadde brystpanser farga som eld, hyasint og svovel. Hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel.
18 Tredjedelen av menneska vart drepne i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane.
19 For makta deira ligg i munnen, men òg i halane. For halane deira liknar slangar som har hovud, og med dei gjer dei skade.