5 Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men skulle pina dei i fem månader. Og den pina var som pina når eit menneske blir stukke av ein skorpion.
6 I dei dagane kjem menneska til å søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal rømma frå dei.
7 Grashoppene likna på hestar som var gjorde klare til strid. På hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.
8 Håret deira var som kvinnehår, tennene deira var som løvetenner,
9 og bringa deira var som brystpanser av jern. Larmen av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid.
10 Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader.
11 Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon og på gresk Apollyon.