10 Han var i verda,og verda vart til ved han,og verda kjende han ikkje.
11 Han kom til sitt eige,og hans eigne tok ikkje imot han.
12 Men alle som tok imot han,dei gav han rett til å bli Guds born,dei som trur på namnet hans.
13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,ikkje av menneskeviljeog ikkje av manns vilje,men av Gud.
14 Og Ordet vart menneskeog tok bustad mellom oss.Og vi såg hans herlegdom,ein herlegdom som den einborne Sonenhar frå Far sin,full av nåde og sanning.
15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»
16 Av hans overflod har vi alle fått,nåde over nåde.