18 Ingen har nokon gong sett Gud,men den einborne, som er Gud,og som er i fanget til Far,han har synt oss kven han er.
19 Dette var vitneutsegna til Johannes då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?»
20 Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.»
21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han.
22 «Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?»
23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein,som profeten Jesaja har sagt.»
24 Nokre av dei som var utsende, var farisearar,