21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han.
22 «Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?»
23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein,som profeten Jesaja har sagt.»
24 Nokre av dei som var utsende, var farisearar,
25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og heller ikkje Elia eller profeten?»
26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner,
27 han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.»