32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han.
33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande.
34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»
35 Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine.
36 Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!»
37 Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus.
38 Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?»