1 «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.
2 Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.
3 Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut.
4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans.