10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene.
12 Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre.
13 For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene.
14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,
15 slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.
16 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.