17 Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake.
18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
19 No vart det på nytt usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt.
20 Mange av dei sa: «Han har ei vond ånd i seg, han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?»
21 Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»
22 Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter.
23 Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen.