2 Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.
3 Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut.
4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans.
5 Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.»
6 Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene.
8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei.