20 Mange av dei sa: «Han har ei vond ånd i seg, han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?»
21 Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»
22 Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter.
23 Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen.
24 Då flokka jødane seg omkring han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det rett ut!»
25 Jesus svara: «Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje. Dei gjerningane eg gjer i namnet til Far min, vitnar om meg.
26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.