21 Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»
22 Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter.
23 Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen.
24 Då flokka jødane seg omkring han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det rett ut!»
25 Jesus svara: «Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje. Dei gjerningane eg gjer i namnet til Far min, vitnar om meg.
26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.
27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg.