26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.
27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg.
28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand.
29 Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min.
30 Eg og Far er eitt.»
31 På nytt tok jødane opp steinar og ville steina han.
32 Jesus sa til dei: «Eg har vist dykk mange gode gjerningar frå Far. Kva for ei av desse gjerningane er det de vil steina meg for?»