33 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje», svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»
34 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt: ‘De er gudar’?
35 Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft.
36 Kvifor seier de då om han som Far har helga og sendt til verda: ‘Du spottar Gud’ når han seier: ‘Eg er Guds Son’?
37 Gjer eg ikkje gjerningane til Far min, så tru meg ikkje.
38 Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Far er i meg og eg i Far.»
39 Då prøvde dei på nytt å gripa han, men han slapp ut av hendene deira.