5 Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.»
6 Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene.
8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei.
9 Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite.
10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene.