1 Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.
2 Det var Maria som hadde salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var bror hennar.
3 Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.»
4 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.»
5 Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.