14 Då sa Jesus rett ut: «Lasarus er død.
15 Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, slik at de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.»
16 Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»
17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava.
18 Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag,
19 og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren.
20 Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime.