24 «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta.
25 Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.
26 Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»
27 «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»
28 Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.»
29 Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han.
30 Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han.