32 Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.»
33 Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre,
34 og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei.
35 Jesus gret.
36 Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.»
37 Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?»
38 Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga.