35 Jesus gret.
36 Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.»
37 Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?»
38 Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga.
39 «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.»
40 Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»
41 Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg.