4 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.»
5 Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.
6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, vart han verande endå to dagar der han var.
7 Då først sa han til læresveinane: «Kom, lat oss dra tilbake til Judea.»
8 «Rabbi», sa dei, «no nettopp ville jødane steina deg, og så dreg du dit på nytt?»
9 Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som går om dagen, snublar ikkje, for han ser lyset i denne verda.
10 Men den som går omkring om natta, snublar, fordi han ikkje har lyset i seg.»