42 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.»
43 Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!»
44 Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»
45 Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han.
46 Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort.
47 Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn.
48 Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.»