44 Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»
45 Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han.
46 Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort.
47 Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn.
48 Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.»
49 Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting.
50 De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»