6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, vart han verande endå to dagar der han var.
7 Då først sa han til læresveinane: «Kom, lat oss dra tilbake til Judea.»
8 «Rabbi», sa dei, «no nettopp ville jødane steina deg, og så dreg du dit på nytt?»
9 Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som går om dagen, snublar ikkje, for han ser lyset i denne verda.
10 Men den som går omkring om natta, snublar, fordi han ikkje har lyset i seg.»
11 Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.»
12 «Herre», sa læresveinane, «er han sovna, så blir han nok frisk att.»