1 Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.
2 Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han.
3 Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.
4 Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus:
5 «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?»