18 Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet.
19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»
20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida.
21 Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.»
22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus.
23 Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen.
24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.