27 No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma.
28 Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»
29 Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde torna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.»
30 Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld.
31 No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut.
32 Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.»
33 Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.