30 Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld.
31 No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut.
32 Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.»
33 Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.
34 Då sa folket: «Vi har høyrt i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen må lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?»
35 Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av.
36 Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.