35 Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av.
36 Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.
37 Endå han hadde gjort så mange teikn for auga deira, trudde dei ikkje på han.
38 For det skulle bli oppfylt, det ordet som profeten Jesaja har tala: Herre, kven trudde bodskapen vår, kven vart Herrens arm openberra for?
39 Dei kunne ikkje tru, for ein annan stad seier Jesaja:
40 Han har gjort auga deira blinde og hjartet deira hardt, så dei ikkje skal sjå med auga og skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.
41 Dette sa Jesaja fordi han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.